Våren er snart i anmasj

Har hatt mange flotte dagar ute. Fortsatt må vi bruke ullkle og tjukkedressar, men det er så flott å kunne byrja å tenke på våren. Skinntryte har snikra fuglekasser, mala dei og hengd dei opp på uteplassane dei går til. Skogksjegg har hatt flotte dagar i fjøra og tur nedom tannlegekontoret. Småstork har dansa og høyrt mykje på musikk. Storknebb har vore på litt småturar i fjøre å grilla pølser, og vore på gardsbesøk. Elles har vi vore ned på legekontoret med leiker og bøker osv som barna har bestemt og vore med å kjøpt inn frå pengane frå tombolaen på bhg.dagen. Fekk inn nesten 4000kr... KJempeflott!! Takk til alle som støtta :)

Førskuledag i skogen 8.april

FØrskulebarna har hatt tur i skogen med 5.kl frå skulen, som kjem til å verte deira framtidige faddrar i 1.kl.

Ein kjekk tur med mykje fin leik og gode relasjonar :)