Skinntryte - Tilvenning

Dei første vekene av det nye barnehageåret brukte vi til å bli betre kjend med kvarandre og rutinane våra. Vi som personal set stor pris på å følge basa vår heile tida. På den måten får vi betre kontakt med barna, og barna har færre vaksne å forhalde seg til i kvardagen. Likevel er vi mykje samla, så alle kjenner alle.

Som Friluftsbase brukte vi dei første vekene til å bli kjend med regler for turgåing, og for å bli kjend med dei plassane vi kjem til å bruke; Gapahukskogen, Dalane, Tørla, Vidnesfjøra og Laksefjøra.

Dei vekene vi er Aktivitetsbase har vi mykje å styre med både inne i barnehagen og på uteområdet vårt.