Juleverksted

Her vil dokke finne nokre bilder frå juleverkstedet i desember :-)

Vassdamp

Barna fekk i dag 18. desember sjå vassdamp frå kasserolle som var satt til kok på bål i skogen. Personalet undra seg saman med barna, og stilte spørsmål som vekka nysgjerrigheta. Det vart også laga ein kjempegod suppe til lunsj :-)

På tur i skogen bak barnehagen

I dag 17.desember har vi vert på tur i skogen bak barnehagen. Vi var alle spent på om Nissen var i skogen.

Språkstimulering

img_0295.jpg

Vi jobbar aktivt med språkstimulering i barnehagen. Dette er aktivitetar som er viktig for barn si språkutvikling, seinare lese og skriveferdigheter, samstundes som dette er kjekke aktivitetar å gjere saman! Når barn er i eit godt språklig samspel med andre, tilegner dei seg språk. Dei lærer om kva språket brukast til og korleis det brukast. No i desember har Skogskjeggbarna samla på "juleord". Det er ikkje få ord som er blitt laga :-)

Barns medbestemmelse.

Den nye Rammeplanen vektlegger at barna skal vere med å påverke sin egen kvardag. Dette er noko vi på Skogskjegg tek på alvor. Vi lyttar til barnas ønskjer og behov, derfor har vi dagar som vi ikkje har satt opp kva vi skal gjøre med tanke på at barna sjølv skal få komme med forslag, vi ønskjer at barna skal kunne få vere med å forme kvardagen sin.

8. desember. Barna har i dag fått velge turmål. Valget vart mellom Dalane og Tørla. Vi var 16 barn idag på Skogskjegg. 7 barn ville ut til Tørla, og 9 barn ville i Dalane, det vart da Dalane. Der har vi undra oss over å oppdage mystiske spor i snøen og søla som godt kunne vært "ein løve med støvlar på" eller "eit monster".

Tema for desember er advent og jul

Desember er den store julemånaden. Og hos Skogskjegg er det intet unntak. Kvar dag skal vi ha nedteljing på kor mange dagar det er igjen til jul. Vi vil ha adventstund der vi snakkar om alt som har med jula. Vi tenner lys, synger adventsvers og julesongar. Vi kjem til å ha juleverkstad i barnehagen, det er dagar med julemusikk og stemning. Det varierer kva vi holder på med. Noken dagar bakar vi, andre dagar lagar vi hemmeligheter:-) Vi på Skogskjegg vil i førjulstida prioritere å skape rolige dagar for barna, stress er det nok av ellers i denne tida.

Vi takker for året som har gått og gleder oss til å sette i gang med eit nytt år. Ønskjer dokke alle ein riktig God jul og eit lykkelig nyttår. Julehelsing frå Skogskjegg.