Snø og vinter

Vinteren 2010 har vore ein flott vinter med mykje snø, stabilt kaldt og aktive barn! Vi har virkeleg fått kosa oss mykje ute i snøen, både på barnehageområdet og ute på dei ulike turane vi har vore. Her kjem enkelte smakebitar.

Universet

Under temaet Universet har vi bl.a. brukt snøen til å la barna forme med tredimensjonalt materiale. Det vart både romskip, rakettar, planetar og romvesen.

Yoga og massasje

Her i Solsikka barnehage brukar barna yoga og massasje som ein naturleg del av kvardagen. Massasjebenken står framme, det same gjer også ein del sansestimulerande utstyr. Vi brukar yoga og massasje i forbindelse med samling og andre styrte aktivitetar også.