Vi på Skogskjegg ønsker alle sammen ein flott morsdag

Eit lite glimt frå prosessen da vi laga hand skrubb til morsdagsgave.

Skogskjegg og 1.klasse på tur

12.febrar inviterte vi på Skogskjegg 1.klasse ved Fiskåbygd skule til ein kosedag i skogen. På programmet stod det at vi skulle lage suppe på Pelletsovn, og aktiviteter var å kose oss i lag. Det vart ein vellykka dag der det såg ut som alle kosa seg skikkelig:-) Grønsaksuppa såg også ut til å falle i god smak. Det gjekk ikkje lenge før vi hadde mykje fin leik.

Tur til Syvde for å besøke Brødrene Vik og Syvde barnehage

I veke 6 til veke 10 skal vi jobbe med tema fargar, og kva passer vel betre ein å starte med eit galleri besøk? Det å jobbe med kunstverk glir heilt naturlig i dette temaet. ”Barnehagen må gi barn mulighet til å oppleve kunst og kultur, og sjølv å utrykke seg estetisk. Å være saman om kulturelle opplevelser, og å gjøre eller skape noe felles, bidrar til samhørighet. Barn skaper sin egen kultur ut frå egne opplevelser” (Rammeplanen 2006). I denne forbindelse besøkte vi Brødrene Vik i Syvde torsdag den 11. februar. Målet var å auke barnas bevisstheit på korleis dei uttrykker seg, få muligheit og tilgang på kunst og kunstverk og fremme diskusjonsevnen rundt ulike kunstverk. Same dag besøkte vi Syvde barnehage, der storkosa vi oss:-) Vi tok taxi til Syvde og buss tilbake til barnehagen. Vi hadde ein flott dag med mange inntrykk.