Tur til biblioteket

Ein dag i månaden har barnehagen tilbod om å gå på bibiloteket. I januar var det Skinntryte sin tur, og vi brukte tida på å verte kjende med rommet, bøkene, bibliotekaren og "stempling av bøker". Med temperaturforskjel på ca. 40-50 grader (ute var det ca. -20, og inne godt over +20), var det greitt å vere berre ei lita stund.

Uansett: Det er koseleg å vere på biblioteke for å låne og kike i bøker. Dette er også ein del av prosjektet vi har saman med Fiskåbygd skule, der ein legg vekt på tidleg start i forhold til leseopplæringa.

Ny kvardag.

Då vi starta i barnehagen igjen etter nyttår vart det ein ny kvardag for oss på Skinntryte. Vi fekk seks nye barn på gruppa vår, alle saman har vore på Storknebb tidlegare, så vi kjente dei godt frå før. Dette gjer at vi no kjem til å dele gruppa vår meir etter alder; dei to eldste årskulla saman i ei gruppe, og dei to yngste utgjer ei anna gruppe. Men vi vert også mykje saman.

Du herlige vinter!!!

bhg.bilde_10_077.jpg

Nyåret starta med mykje snø, kulde og klarvér!!! Berre lekkert... Og gjett om vi kosa oss.