Forming

For dei yngste barna er det viktig at dei får høve til å kjenne på mange ulike ting, kjenne forskjelen på hardt og mjukt, glatt og rutt. Det å kjenne på mjuk ull i ulike fargar er deilig for desse små. Og så blir det eit fint bilete som vi kan henge opp.

Kvardagen vår.

Etter nyttår starta vi opp med endra barnegruppe. Dei eldste har "flytta over" til Skinntryte og samstundes har vi fått nye barn. Kvardagane våre går difor med til å bli betre kjende med dei nye barna, og i tillegg vert det ein del endra rutiner som barna må lære seg.

I tillegg har det vore veldig kaldt ute, så vi på Storknebb har ikkje vore så mykje ute å leika.