FØRSKULE

Denne mnd har førskulegruppa vore på tur i skogen med 5 og 6.kl som skal verte framtidige faddrar. Ein veldig kjekk dag!

Dei har jobba med tema høgre/venstre, likskap/ulikskap og hatt ulike finmotorike øvingar med klipping, skriving og logisk tekning.

Dei har også vore på innskriving på skulen.

STORKNEBB

img_0851.jpg

Vi har jobba litt med fargar denne mnd.. både med ting vi omgjev oss med og gjennom maling og teikning.

Vi har hatt enkel finmotorisk trening med glielås og knappar. Barna var veldig fasinert av dette og flinke er dei også :)

Vi har laga enkel påskepynt. Viktig at det er barna sine produkt!

No når snøen reiser, så vert det litt lettare å bevege seg med så mykje klede på seg!! :)

SKINNTRYTE

img_1255.jpg

Denne mnd har det også her vore fargar og påskebodskap som tema. Vi har tatt føre oss regnboga og vi har forma med mange forskjellige fargar ull...så deilig oppleving for mange :)

Vi har sådd karsefrø og sett etter vårteikn. Mykje flott påskepynt har vorte laga:)

Barnehagedagen 16.mars var ein flott dag - vi ville vise ein heilt vanleg kvardag i barnehagen vår :)

SKOGSKJEGG

I denne perioden har vi leika oss med farger. Vårt ønskje har vert å lære barna namnet på fleire ulike farger. Samtidig har vi ønska å bevisstgjøre barna på kor vi finner de ulike fargane rundt oss i kvardagen. Vårt ønskje har vore å stimulere utviklinga av barnas finmotorikk og kreativitet.Barna har fått uttrykke seg kreativt ved hjelp av ulike material. Vi omgir oss med farger på alle kantar, men barn tenker ikkje alltid over dette. Farger representerer følelsar og glede, og har stor betyding for korleis vi opplever verden rundt oss.

Vi har lagt til rette for at barna skulle få prøve ulike aktivitetar. Vi har laga bilder der vi har benytta fleire element samtidig: maling, glitter, lim, ull osv. Vi har også laga flotte kunstverk av farga papir, mosaikk, mala på isblokker etc. Mange flotte påskekyllingar har det også blitt :)

Barna har fått velje turmål nokre dagar og det er ein viktig å lære seg demokratiske prosessar.

Her kjem eit lite innblikk i kva vi har gjort denne perioden :)