Skogskjegg. Tema: dyr og jakt.

Temaet for denne perioden har vert dyr og jakt. Vi har lagt mykje vekt på kontakt med dyr, samt muligheita til å kunne lære noko om dei forskjellige dyra. Det å få kunnskap om kva vi får frå dyra, og få innsikt i produksjon av matvarer er også noko vi har hatt fokus på. Barna har fått studere hjortehode, gevir, hjorteskinn, mår, dyrespor, dyrebæsj og fjøsbesøk, songar og eventyr har vi vert innom.I arbeid med temaet dyr har det vert viktig å lærer barna å behandle dyr med respekt og kjærlighet. Dette har vert ein kjempespennande periode, stor entusiasme frå barna :-)

Skinntryte:
Tema: Dyr og jakt.

Som tema denne perioda har vi dyr, og med fokus på jakt. Mange vil vel kanskje tenke jakt med gevær, men vi på Skinntryte har valt å ha mange vinklingar på temaet. Vi har snakka om at nokre av dyra jaktar på andre dyr, andre dyr jaktar på annan type mat, t.d. plantar. Vi har også ei vid forståing av "dyr": Frå små insekt, fisk og krabbe til store pattedyr, og jamvel utdøydde dinosaurar. Vi har besøkt gardar for å sjå på husdyr, kika i blad, kokt krabbe osv.

Storknebb

Vi har hatt mange kjekke dagar ute i det flotte veret :) Barna kosar seg både inne og ute

No template

I oktober har vi både hatt fargar, Brann og Dyr og jakt som tema