Primærfargar

Det er spennande å eksperimentere med primærfargane raudt, blått og gult. Det er utruleg kor mange fargenyansar tre enkle fargar kan gi.

Tema: Fargar.

257.jpg

Som det første ordentlege temaet i haust hadde vi "Fargar", der vi mest studerte primærfargane raud, blå og gul. Barna viste stor kunnskap om fargane, og vi kunne bruke tida på å jakte på fargar over alt, både ute og inne. Til dette brukte vi mykje fotoapparat, og på denne måten fekk barna vise fram fargane til andre. Vi brukte også nokre liter med maling, og prøvde ut mange spennande teknikkar, både ute og inne. Vi farga garn ved å koke ulike plantar, vi fekk sjå korleis ein blandar maling osv. Eit kjempekjekt tema som barna storkosa seg med.