Tema: Fargar.

Barna har denne perioden fått utfolda seg kreativt med primærfargane raudt, blått og gult. Vi har denne perioden hatt eit spennande fotoprosjekt. Barna har fått tatt bilde sjølv inne og ute med digitalt kamera av primærfargane. Dei har møtt opp med store forventningar, og det har vert mykje spennande som har blitt fanget inn av barneblikket :-) Vi har også jobba mykje med språksprell. Det å tulle med språket er noko barna har likt godt. Vi opplever at barna har blitt veldig interessert i å eksperimentere med språket, finne rimord, leike seg med ord, rim og regler, og dette skjer ofte spontant når dei leikar.