SMÅSTORK

Den minste av småbarnsbasene våra. Dei fleste barna er mellom 1 og 2 år gamle.

Dei held til på nabobygget, Gruvetoppen. Der styrer dei seg i sitt tempo og si dagsrytme.

Dei er ofte ute både på føremiddag og ettermiddag. Og så likar dei så godt å køyre på tur med "bussen" vår!

Tida på Småstork går med til omsorg og kjærleik, mat, bleieskift og soving. Og så likar dei så godt å synge songar i samlinga :)

STORKNEBB

 

Vi er dei eldste av dei yngste i barnehagen.

Vi prøver å kombinere det beste frå alle basane. Vi har tempoet til Småstork (vi styrer dagsrytma etter barna sine behob), og nokre av aktivitetane til "storebasane"

Vi har inngang på baksida av barnehagen og har nokre rom der som berre er "våra" der kan vi trekke oss vekk iløpet av dagen og styre oss i vårt tempo. VI har eit godt samarbeid med storebasene og leikar oss på heile barnehagen gjennom dagen.

På føremiddagane er vi ofte ute på tur, ute å leikar oss eller på Torget og helde på med aktivitetar.

Så er det mat, reine beleier og søvn som står på programmet.

 

STOREBASA    ( MIDI og MAXI)

Dette er aldersblanda basar frå 3-6 år. Basane har sine faste personalet og basane rullerar mellom å vere på friluftsbase og aktivitetsbase. Onsdagane har vi turdag ilag.

Elles har vi 2 dagar i veka MAXI (skulestartarane) og MIDI (resten av gruppa).   Ein av dagane har vi turdag ilag med denne gruppa og den andre dagen er vi i barnehagen og har aktivitetar.

Turdagar

Storebasa har 2 faste turdagar i veka. Felles turdag onsdagar og i tillegg har vi ein turdag enten ilag med MAXI eller MIDI alt etter kva gruppe ein høyrer til.

Desse dagane kler vi på oss å går på tur ca frå kl 10-14. Vi nyttar nærmiljøet vårt mykje

Nokre av dei faste plassane vi går til er:

Dankertfjøra inni Myrane

Laksefjøra ned i Fiskå gamle sentrum

Markane uti Tørla

Skogen bak Fredsvoll

Dalane

 

Ved å vere ute på tur store delar av barnehagekvardagen, opplever vi at barna finn ei heilt anna ro enn når dei er inne. Dei er på "skattejakt" etter dyr, plantar og andre spennande ting, dei lagar seg hytter, og brukar kroppen aktivt. På denne måten styrkar dei også motorikken sin. Dei utviklar god leikeemne, og vennskapa går på tvers av kjønn og alder.

Vi har ofte med oss oppslagsbøker, slik at vi kan sjekke ut kva det er vi har funne.

Ofte brukar vi varmmat, og då lagar vi bål, eller tenner opp "han Pelle" (pelletsomnen vår).