Avsluttning på lærerik leik

5.okt 09 var det planleggingsdag i bhg. I samarbeid med sjustjerna hadde vi ei storstilt avslutning på utviklingsarbeida som alle bhg i sjustjerna. Dette gjekk føre seg i Fosnavåg.  Ca 30 bhg hadde stand. Mykje flott arbeid og mange idear og inspirasjon for alle. Vi var samla over 300 barnehageansatte i dei sju kommunane :)

Etterpå var det forelesning med Karin Fevåg Larsen om " endeleg mandag" Som omhandla det å vere positivt innstilt til arbeidet sitt og elles i kvardagen. Tankens kraft. Ei veldig bra forelesning som dei fleste vil hugse lenge. Ho gav mykje av seg sjølv. Eit skikkeleg inspirasjonskursdag!!

Erfaringskonferanse i prosjektet

Onsdag 23 og torsdag 24. september 09 var Heidi, Marta, Mariann, Kirsten og Reidar på erfaringskonferanse på Hamar i prosjektsamanheng. Der fekk vi møte liknande prosjekt i landet og vi hadde gruppearbeid, presentasjonar, og forelesning om den lærande organisasjon.

Vi fekk veldig mykje positiv tilbakemld på prosjketet- og der var veldig mange bra prosjekt. Veldig kjekke og lærerike dagar!!

BARNEHAGEÅR 2009 / 2010

Prosjektsamling

5,juni hadde vi planleggingsdag felles med Fiskåbygd skule. I dagane før hadde vi hatt besøk av kompetansemiljøet i prosjektet IMTEC der dei observerte både i skulen og barnehagen. Denne dagen fekk vi tilbakemelding på observasjonane og Vibeke Mostad og Tore Skansen snakka om prosjketet vårt og så langt som er komne. Dei foreleste om den vaksne som leiar. Ein veldig nyttig dag :)

KOMPETANSEHEVING

Ein god barnehage forutsett kometente vaksne.

Barnehageeigar skal i lag med kommune, fylkeskommune og stat syte for at personalet får den kometansen som krevst for å kunne gi barna god og trygg oppvekst, i lag med heimen, og som inneheld alt det som skal til for å bli eit kompetent menneske

LÆRING I NATUREN

Seks av våra ansatte var på kurs ilag med nokre frå barnehagane i kommuna. Læring i naturen med Odd Erik Eriksson. Kurset var på uteområdet utanfor Åheim barnehage. "Eit supert kurs som alle skulle hatt" er kommentarane frå kurset. Dei lærte å bruke naturen som leikearene og lage leikeapparat av ting i naturen, leikar som er kjekke ute i naturen og mat på bål, eksperiment osv. 

LÆRERIK LEIK

På planleggingsdagen 6.oktober var vi på stor kurs i Fosnavåg saman med sjusterna. Dette er i samband med utviklingsarbeidet vi skal ha dette året. Det var veldig interessant kurs. Kari Anne Osborg og Oddrun Aarflot var forelesarar frå Høgskulen i Volda.

Digitale verktøy i barnehagen

Ottar Jan, Ingunn og Marta var på eit seminar på høgskulen i Volda 23.september om digitale verktøy i barnehagen i samband med forskingsdagane der. Veldig interessant seminar og veldig aktuelt!

Fortelljar kurs

I samband med planleggingsdagen 5.september var personalet på forteljarkurs ilag med dei kommunale barnehagane. Guri Åsen frå fosnavåg kom og foreleste ogdet var eit praktisk kurs. Veldig interessant.

BARNEHAGEÅR 2008 /2009

HMS kurs

Marta og verneombod Solgun har deltatt på HMSkurs i Bodø 14-16.april. Dette skal tilsvare eit 40 timers kurs og tok føre seg alle sider ved HMS. Eit veldig interessant kurs. HMS for barn og personalet er utruleg viktig og noko vi set svært høgt.

 

LØFT-kurs

Marta, Somjai, Solgun og Bente var på løft-kurs i Ulsteinvik 3.mars 08. Eit kurs så gjekk på løysingsfokuset tilnærming i arbeid med barn.

Det å fokusere mest på det som gjekk bra eller barnet gjorde bra og mindre på det som gjekk dårleg. Det ein gjev mest merksemd - får ein mest av! 

Løft inneber i praksis at ein inntek ei litt anna rolle som vaksen i barnehagen ved å flytte merksemda frå korresjon til bekreftelsar og synleggjering av det som går bra i kvardagen.

 

BARNEMASSASJE KURS

Mechelle har vore på barnemassasjekurs i Oslo26-28. oktober 2007.  Det var eit godt kurs

synest ho, der ho fekk lære nye metodar. Ei leikande massasje.

BRANNVERN

Marta og Lena var på brannvernsleiar kurs i Ålesund 29 og 30 nov.

Det var eit to dagers kurs, med avsluttande skriftelig eksamen.

Begge stod på eksamne.

8.OKT 2007 INTERKOMMUNAL PLANDAG

 

8.okt.07 Interkommunal planleggingsdag. Vi delte oss opp å for på ulike kurs.

FORTELJARKUNST

SJØLVUTVIKLING

KUNST FOR SMÅ BARN

POSITIV GRENSESETTJING

OMSORGSSVIKT

Marta og Somjai har vor på kurs i regi av Vanylven kommune.

Tema var omsorgssvikt

Førstehjelpskurs

munn til munn-metoden ser enkelt ut - men det må trenast på!

munn til munn-metoden ser enkelt ut - men det må trenast på!

Alle i personalgruppa, og våre faste vikarar var med på førsthejlpskurs.

Det var Ulstein Røde Kors som heldt kurs for oss.

Det var eit 5-timars kurs, med m.a. hjerte-lunge-redning