Kunne du tenke deg
å jobbe i barnehage?
ta kontakt med styrar
Solsikka barnehage ligg i sentrum av Fiskå i Vanylven kommune. Barnehagen er eigd av Solsikka AS og er ein privat barnehage. Barnehagen er for barn i alderen 0-6 år. Barnehagen vart starta 30. juli 2007 og har eit godkjend leike og opphaldsareal på 325 m2.
Vi er ein basebarnehage som har fire basar; Småstork, Storknebb, Skinntryte og Skogskjegg. I år vil Skogskjegg og Skinntryte dele seg i MAXI (skulestartarane) og MIDI (resten av storebasene) på tirsdagane, då vekslar dei på å vere på tur og ha «innedag».
Solsikka barnehage er ein privat barnehage på Fiskå i Vanylven kommune. Vi starta opp i august 2007. Vi har barn i alderen 0 – 6 år. Barnehageåret 2023-24 er vi fordelt på fire basar; to småbarnsbase, to storbarnsbaser. Vi er PBL barnehage.
Ledige Stillingar!
Arbeidsoppgåver:
Medansvar for det pedagogiske arbeidet i tett samarbeid med pedagogisk leiar Medansvar for å skape eit trygt og godt lære- og leikemiljø saman med dine kollegaer
Delta aktivt i endring-og utviklingsprosessar
Vere ein god omsorgsperson og rollemodell
Sette seg inn i barnehagens mål, årsplan og gjeldande planar og retningslinjer
Medansvar for eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar:
Utdanning som barnehagelærar
Gode kunnskapar i norsk – både skriftleg og munnleg
Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar:
Relasjonsorientert og ha evne til å sjå kvart enkelt barn
Gode samarbeidsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Raus, fleksibel og løysingsorientert
God helse slik du kan vere ein aktiv vaksen med barna
Evne til å gi og motta rettleiing
Som tilsett hos oss får du:
Ein variert arbeidskvardag fylt med leik
Ta del i eit hyggeleg personale med mykje humor
Løn etter PBL-tariff
Ta kontakt med styrar Marta Bøstrand tlf. 99629124 marta@solsikka.no
Ta kontakt snarast!
Vi treng også tilkallingsvikarar! – er du intessert, ta kontakt!
Her kan du sjå kven som jobbar ved Solsikka barnehage. Ta gjerne kontakt dersom du lurar på noko!