Basebarnehage

Vi er ein basebarnehage. Kanskje ikkje ein heilt typisk basebarnehage.  Vi har felles garderobe og hovudinngang, men delar oss opp i basar etter frukost. På ettermiddag samlast vi igjen og avsluttar ilag. Småbarnsbasane våra har eige bygg og er på Gruvetoppen . Personalet kjenner litt til alle barna i barnehagen.

Slik har vi det i basebarnehagen vår: Alt areal er fellesareal. Vi er i periodar om morgonen og på ettermiddag felles. Då vert alt personalet kjende med alle barna og det vert lettare for barna å ta kontakt med personalet på andre basar. Ein vert også meir fleksibel i kvardagen i høve til å rullere ved t.d. vikarbruk og barna får fleire rollemodellar. Barna leikar då på tvers av basane og på den måten opnar ein opp for nye vennskap mellom barna.

Vi har ulike leikestasjonar der barna sjølve vel kva dei vil styre med. Vi har frukostkafe mellom 8 og 9, der barna kan «bestille» seg mat og drikke. Etter frukost er det tid for tannpuss og vi ryddar og delar oss i basar. På same måte gjer vi det på ettermiddagane – barna får velje kva dei vil styre med innanfor dei ulike leikestasjonane til dei vert henta. I basetida disponerer basane ulike rom, slik at dei er åleine med si base og sine aktivitetar.

Vi er ulike, både barn og vaksne, vi har ulike ressursar og evner, interesser og ferdigheiter. Det å vere ulike ser vi på som positivt for barnehagen, då får vi ei større breidde i kva vi gjer. Personalet får bruke sine evner og ressursar, interesser og ferdigheiter i kvardagen. Og alle treng ikkje gjere det same – ved å akseptere at vi er ulike og faktisk har lyst til å utføre ulike oppgåver, blir det ein betre plass å jobbe – og vi er gode rollemodellar for barna. I Solsikka barnehage får barna moglegheit for å lære på ein leikande måte på tvers av alder, fordi alle barna er på ”same avdeling”. Det dannar grunnlag for at dei utviklar ein basiskompetanse gjennom sosialt samspel med barn i ulik alder.

På Gruvetoppen der dei yngste er, er dei som ei avdeling for seg sjølve.