Småstork

Småstork er den minste småbarnsbasa vår med 1 og 2 åringar. Vi held til på nabobygget Gruvetoppen.

I år finn du dette personalet på basa:

May Kristin Ekremsæter (Pedagogisk leiar)

Ingunn Anita Thunem (Barne- og ungdomsarbeidar)

Solgun Anita Hellebust (Barne- og ungdomsarbeidar)

Grethe Brudevoll (Barnerettleiar)

Hilde Sørdal (Barne- og ungdomsarbeidar) (ein dag i veka)

 

Det er gjerne på denne basa dei fleste startar, og det er her mange lærer seg å vere vekke frå mamma og pappa, lærer seg å prate, gå osv. Det er mykje som skal lærast. Vi held til i eigne lokaler på Gruvetoppen, nabobygget. Sjølv om vi er ein del av basebarnehagen, er det trygt og godt å vere for oss sjølve. Vi har vår eiga dagsrytme, og denne prøvar vi på best mogleg måte å tilpasse enkeltborna.

Mykje av tida på Småstork går med til stell, kos og omsorg. Vi har lite fastlagt temaarbeid, men jobbar med å lære barna gode rutinar og bli trygge på både store og små. Vi har eit lavt tempo i kvardagen. Ro og kvile er viktig for oss. Leik er ein stor del av kvardagen vår, og i denne alderen er det parallelleik som er mest rådande. Då leikar dei gjerne med same tinga, men har ingen samleik. Vi tek oss ofte ein kvil ute i vognene våra midt på dag. Nærleik til barna i kvardagen og i stellesituasjonane gjev oss gode høve til positiv kroppskontakt med det enkelte barn. I tillegg til korte samlingar før lunsj, syng, pratar og fortel vi historier gjennom heile dagen. Heile tida jobbar vi med språkstimulering, og støttar barna til å utvikle språket gradvis i takt med alder og modning.

Vi er ofte ute på føremiddag. Vi er heldige som har vår eigen innegjerda skog på andre sida av elva, og her får vi god motorisk trening, og får oppleve naturen på ein trygg og god måte. Vi går også turar med «buss-vogna» vår og ser på ulike ting i nærmiljøet. Ein gong i veka vitjar vi Vanylven helse- og omsorgssenter, som ein del av «Livsglede for eldre», då trillar vi gjennom bygget, og helsar på dei som bur der og jobbar der.