Dette er barnehagen vår

Solsikka barnehage ein privat barnehage som ligg i sentrum av Fiskå i Vanylven kommune. Barnehagen er eigd av Solsikka AS.  Barnehagen er for barn i alderen 0-6 år. Barnehagen vart starta 30. juli 2007 og har eit godkjend leike og opphaldsareal på 265 m2. Vi har to bygg, det nyaste bygget, samt gamle barnehagen på Fiskå; som heiter Gruvetoppen.

Barnehageåret 2022/-23 har vi 59 barn fordelt på 4 basar; Småstork som er dei aller yngste.  Storknebb som er dei store av dei små. Skogskjegg og Skinntryte deler dei eldste barna mellom seg, og har i tillegg ein dag i veka med MAXI og MIDI.
Vi er rundt 18 årsverk tilsaman.