Solsikka barnehage er ein privat barnehage på Fiskå i Vanylven kommune. Vi starta opp i august 2007. Vi har barn i alderen 0 – 6 år. Barnehageåret 2025-26 er vi 51 barn fordelt på tre basar; ei småbarnsbase, to storbarnsbaser. Vi er PBL barnehage.
Ledig Stillingar som pedagogar!
Vi søkjer etter personar som er positive, serviceinnstilte, fleksibel, lojale, nytenkande og endringsvillige. De må ha gode samarbeidsevner, god digital og språk kompetanse, vere sjølvstendige, systematiske og ha gode leiareigenskapar og ikkje minst med blikk for det enkelte barnet.
Vi er på jakt etter faglege og engasjerte pedagogar i inntil 350%, ei fast stilling og to vikariat. Stillingane er ledig frå august 2026 av, med moglegheit for tidlegare tilsetting. Er du den vi er på jakt etter?
- 3 pedagogstillingar inntil 350% (derav ei fast og to vikariat)
Arbeidsoppgaver:
Medansvar for det pedagogiske arbeidet i tett samarbeid med pedagogisk leiar
Medansvar for å skape eit trygt og godt lære- og leikemiljø saman med dine kollegaer
Delta aktivt i endring-og utviklingsprosessar
Vere ein god omsorgsperson og rollemodell
Sette seg inn i barnehagens mål, årsplan og gjeldande planar og retningslinjer
Medansvar for eit godt samarbeid med føresette
Vi tilbyr:
Ein variert arbeidskvardag fylt med leik
Ta del i eit hyggeleg personale med mykje humor
Sletting av studielån inntil 25 000 kroner årleg (Vanylven er distriktskommune klasse 6)
Løn etter PBL-tariff
Krav om pedagogisk utdanning jf. bhglova.
Gyldig politiattest skal visast ved tiltredelse.
Ta kontakt med styrar Marta Bøstrand tlf. 99629124 marta@solsikka.no
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cafbb509-c8c6-4f12-8e55-f61cb39aa6e7
Søknadsfrist 12.04.26