MAXI

Dette er skulestartarane våra. Dette barnehageåret er dei 14 stk.

Dei vil ha ein fast dag gjennom heile året ilag. Tirsdagar i partal vert det turdagar, medan tirsdagar i oddetal vert dei her i barnehagen.

MAXI-klubb

Det siste året i bhg er litt spesielt for mange og det er kjekt å samle alle som etter kvart skal gå i same klasse på skulen. Både barn og foreldre har forventningar til dette. Det er viktig at vi ikkje skal vere ein skule, men at det er tufta på leik og læring. Vi kjem til å kome innom mange ting, men veldig enkelt.

Vi vil sikre barna ein best mogleg overgang frå barnehage til skule. Barna skal fyrst og fremst få ei fellesskapskjensle og godt kjennskap til framtidige klassekameratar. Dei skal få førebudd seg til skulen på mange område. Få mange felleserfaringar og bli trygge på kvarandre. Lære å vente på tur og å ta omsyn til kvarandre. Vi vil også at dei skal bli sjølvstendige, då spesielt i høve til toalett og påkledning. Felles opplevingar gjev barna felles inntrykk.  Det viktigaste vi gjer for alle barn er å gjere dei trygge på seg sjølv. Ha ei positiv sjølvkjensle og sjølvoppfatning, gjere dei gode på sosialt samspel, vere inkluderande, ha god kompetanse på konfliktløysing, godt språk, ha god bordskikk, vere sjølvstendig og kunne meistre sitt eige sinne. Dette er heilt avgjerande i høve til vidare fagleg læring i skulen.

Plan for MAXI-klubben vert sendt heim til alle foreldre kvart år.