Storknebb

Storknebb er den største av småbarnsbasane våra med 2 og 3 åringar. Dei er å finne på Gruvetoppen på den andre inngangen der.

I år finn du dette personalet på basa:

May Kristin Sandnes Krøvel (Pedagogisk leiar)

Janne Brekke (Barne- og ungdomsarbeidar)

Hilde Sørdal (Barne- og ungdomsarbeidar)

Marit Brudevik (Barnerettleiar)

Synnøve Parr

 

Storknebb er ei «stor småbarnsbase», men likevel er borna på denne basa i ferd med å bli sjølvstendige på mange områder! Borna som alle er i ei stor identitetsutvikling, treng mykje rettleiing og forklaring på kvifor andre tenker annleis enn ein sjølv. Vi har difor stort fokus på leik og sosial samhandling. Glede, og det å vise at vi set pris på kvarandre er viktig. I denne alderen er det i leiken vanleg å tre inn i ei «late som om- verd». Her foregår det mykje på det språklege, sosiale og kognitive plan, men også på det emosjonelle så vel som det humoristiske. På Storknebb har vi mykje fantasi og er nyfikne på det meste. Det å klare sjølv, og bli meir og meir sjølvstendig er eit av måla vi jobbar mot. Dette jobbar vi med både når vi har måltid, skal kle på utekle, og elles. Vi er også flinke til å hjelpe kvarandre! Mange treng fortsatt å sove midt på dagen. Balansen mellom aktive og rolege aktivitetar er viktig, og dette prøver vi å skape gjennom lesestunder, kos, stell, nærleik, yogapust. Ein dag i veka prøvar vi å pakke vi sekken og går på tur i nærmiljøet.