Basedrift

Bakgrunnen for valet av baser i staden for dei tradisjonelle avdelingane er at vi ynskjer ein bedre barnehage…

Målet vårt er at Solsikka barnehage skal være ei enhet der vi alle jobber mot same mål. Vi har alle eit ansvar for alle barn, og vi skal jobbe for at alle skal ha det bra. Vi er alle forskjellige, både barn og voksne, vi har ulike ressurser og evner, interesser og ferdigheter. Disse forskjellane er positive for barnehagen, då får vi ei større breidde i kva vi gjer. Personalet skal også få bruke sine evner og ressurser, interesser og ferdigheter i kvardagen. Og vi treng ikkje alle å gjere det same – kva så om det er to som er faste brødbakarar over ei periode, eller nokon som går ut først kvar dag? Ved å akseptere at vi er forskjellige og faktisk har lyst til å utføre forskjellige oppgaver, blir det ein bedre plass å jobbe – og vi er gode rollemodeller for barna.

Nokre positive sider ved å ha baser:

  • bedre utnytting av lokala
  • bedre utnytting av kompetanse og kvalitetar (vi kartlegger interesser, kompetanse, ønsker og bygger på dei ansatte)
  • større valfridom/-mulighet /medbestemmelse for barn og ansatte
  • fleksibel dagsrytme
  • fleire rollemodeller
  • letter trykket inne i barnehagen fordi uteområda blir brukt hele dagen
  • fleire utfordringar for både store og små
  • meir tid til fordjupning i lek/prosjekt/aktivitetar og til å avslutte dei
  • auka rolleleik mellom barna fordi dei ikkje blir avbrutt heile tida
  • fleire vener
  • fleksibilitet, mindre sårbart ved personal fråver.

Det krevs meir av dei voksne – vi kan ikkje sitte på ein stol og sjå på at ungane leikar – vi må være aktive og kvar enkelt voksen har ansvaret for å sjå kvar dei trengs hen!

Og det er viktig at ein voksen er vandrar…..ein må gå rundt for å sjå kva som skjer. Og voksne må hente informasjon fra kvarandre. Viktig informasjon skrivast ned. Vi må også være rause med kvarandre og ikkje kreve at alle skal gjere slik ”eg vil” eller at alle skal gjere det same. Likeverd er eit omgrep som kan diskuterast.

Rent praktisk korleis vi skal gjennomføre dette, er noko vi rett og slett må jobbe oss fram til. Det fins ingen fasit. Vi må finne ut korleis vi skal gjere det for at det skal fungere bra hos oss.